29 juni 2011

i vinduskarmen

Meir treng det ikkje å vere i vinduskarmen, buddhafigur og plante i sølvpotte. Kjekt med ekstra breie karmer, så en kan ha litt saker av størrelse der. Er forresten skikkelig kresen på kva blomster eg kjøper med heim. Denne ser ut til å vere en hardhaus, med konstant fønvind frå varmepumpa og lite stell ser det ut til å gå heilt greitt! Buddhafiguren er frå Kremmerhuset. Veldig fin, måtte berre ha:)



Her går det snart mot sommerferie...
..men..
s
s o l
l
kor er du?

Kanskje skin ho på deg:)
                                                                            ♥klem Kristine

23 juni 2011

klype!

Motivet er bittesmå frø/blomster som voks på et blad, veit ikkje kva type, funne i Rosendal i området rundt Baroniet. Forstørra opp i reprokamera og trykt med silketrykk.

Klesklyper kan brukast til meir en å henge opp klede med? Vel, desse her er i str XL, og vart kjøpt på impuls då eg tråla shoppinggata i Reykjavik for ei stund sidan (ja vi kom oss vel avgårde, vart ikkje askefast heldigvis, og turen var kjempefin!!:) Interiørbutikker var der ikkje så mange av faktisk, men en litt morsom en var Tiger butikk, den finnes ikkje i Norge trur eg.. Vel heime igjen var det fram med gamle silketrykk, to grove spikere i veggen  og ståltråd. Vips berre å klype bileta på plass.
Desse liker eg!

Håper du får ei fin sangthansfeiring.
                                                                                                          ♥  Kristine

19 juni 2011

snev av sommer

Piknikpledd, eller som vi også bruker det til: sengeteppe. Frå Kremmerhuset og no til kun 299:) Fint!
Endelig er sola og varmen her. Frihelg og sol er en fin kombinasjon. Søndagen i stikkord er: besøk, leik i hagen, interiørprat med superinteriørinterresert storesøster:) tur til områdets finaste gartneri, kaffidrikking i sola og med et snev av brunfarge er dette ei fin oppladning til ei travel jobbveke som kjem!

Fine kommentarer som blir lagt igjen her no, det er veldig hyggelig, skal ha meg ei lita besøksrunde i bloggeland no!
                                                                                Kristine

15 juni 2011

gangen nede

... kanskje ikkje så rart Linuxpus liker å ligge på golvet, varmekablane har blitt kobla til og det som har vore det kaldaste rommet i huset, nemlig gangen nede er vaaarmt. Ingen spøk å bo i gamle hus til tider, (les:vinter`n)men no er vi fornøgde med denne delen av huset også. Mykje anna vi kan ta tak i også, neste blir å male huset. Kan du gjette fargen,hehe?

Dei finaste indiske lyktene eg veit om står stødig i trappa, dei er ganske store og det er det som gjer dei så fine, nokre ting kan godt ruve litt i interiøret! På veggen bak viser den gamle originale panelen som vi fant bak plater, en stor jobb med sparkling og pussing før 4 strøk maling, jepp det var fint:) Nede i gangen er det påbygg frå 50 tallet, så der la vi nye gipsplater og fiberduk utanpå. Nokon har lurt på kva farge vi bruker. Sverger til rein kvit, ublanda rett frå spanna og har brukt Infra frå Coop denne gangen. Litt seig konsistens, men dekker bra! Deilig å vere ferdig da;)

Kristine

 

11 juni 2011

cow parsley


...eller hundekjeks,bikkjessløk,hundekarve ol som det heiter på norsk. Sidan det er ordet bikkje i navnet betyr det at planten har blitt sett på som noko negativt, og da spesielt blant bøndene visstnok.

Sjølv synest eg den er rett så fin! På en liten tur i dag plukka vi med nokre stilker frå veikanten, så no er det full match oppe i gangen. Tjihi. Der har nemlig skapdørene på det gamle plassbygde skapet fått  finfin hundekjekstapet. Ideen til tapeten fekk eg etter en tur innom den fine bloggen shinedesign! Takk for den, det er så givande med alle dei flotte bloggane som finnes rundt omkring. Florerer med ideer og inspirasjon, hurra for flinke folk:) 

Ha ei fin pinsehelg videre!

                                                                                  ♥ Kristine

06 juni 2011

frå gangen




Enkelt, ryddig og reint. Ikkje mykje overflødig hos oss for tida. Berre godt å ha det litt lyst og lett denne årstida.

God kveld!
Her er det nymalte resultatet i et av romma oppe i gangen, nymalt og med masse lys frå drivkvite flater og stort vindu.
Akkurat slik det skulle bli. Og uendelig godt er det å vere ferdig med alt malearbeidet. Grafikken frå kunsthøgskuledagane fekk sin plass og et gammalt halvmånebord er malt i en egenblanda farge beståande av morgendis og skyggeblå. Desse tinga vart fin å bryte litt med, for plutselig var alt så veldig svart eller kvitt.

Viser meir frå gangprosjektet etterkvart.
Koselig med nye følgere og kommentarer, sett stor pris på kvar og ein!
                                                                                  
♥ Kristine








04 juni 2011

små forandringer


Litt helgebilder frå ynglingsrommet, små forandringer i møbleringa gjorde stor forskjell. Godt å skifte litt om av og til. Tallerkenhylla kjøpt på loppis for en skarve 50 lapp har hatt ei pause i kjellerboda, men er igjen oppe på veggen. Nytt tøft skilt og telysholdere/drikkeglass frå Kremmerhuset matcher kvarandre fint synest eg.  Putene i stripa svart og kvitt er handla inn frå Jysk (skjeldan eg er innom der, men disse likte eg) 4 for 100,- overkommelig;) 

Fortsatt ønske om ei fin helg til du som les bloggen min!
                                      ♥

02 juni 2011

Spennande besøk

I dag er stua så ryddig. Stort sett resten av huset også faktisk. Ikkje kvardagskost, i alle fall ikkje under siste tida med oppussing. Utrulig kor mykje søppel og støv det blir av slike prosjekt? No er det blåst vekk og heimen skin! Mykje av grunnen til storryddinga er knallkjekt besøk av fotograf Jeanette og journalist Kjersti i dag. Spennande spennande! Dei jobber frilanse, så vi får sjå om det kanskje dukker opp reportasje med tid og stunder.

Med god hjelp frå søstera mi Ann Helen som er kjempeflink med møblering og planløysinger fekk stua en makeover. Litt ommøblering vart det og (gammel)nytt skap på spisestua. Fargeskalaen går no i grå, beige og blå. Liker det slik!

                                                     
Vinnerlykke har eg også: Var en av 10 heldige vinnere som vant Sweet paul magasin hos Rosaliga, hurrahurra;)